Home › Jobs › Norge › Sjukepleiar/Vernepleiar 100 % fast stilling - Dagtid
🇪🇺 Norge • Permanent

Sjukepleiar/Vernepleiar 100 % fast stilling - Dagtid

🏢 Helsehuset, Sykkylven kommune 📍 aure 💰 kr550 - kr750 📅 23 October 2026

Job Description

Stillingstittel Sjukepleiar/ Vernepleiar 100% fast stilling - Dagtid

  • Kartlegging og støttesamtalar
  • Kollegastøtte

Har du høgskule eller universitetsutdanning innan helsefagleg arbeid? Brenn du for å arbeide innan fagfeltet psykisk helse og rus? Då kan dette vere stillinga for nettopp deg!

Vi har no ledig 100 % fast stilling som sjukepleiar/vernepleiar ved Psykisk helse og rus! Stillinga er ledig frå og inneber arbeid på dagtid (p.t) mandag-fredag.

Avdeling for psykisk helse og rus er ein del av Helsehus-eininga i Sykkylven. Eininga består av legeteneste, heimebasert omsorg og førebygging og meistrings avdeling. Psykisk helse- og rus er ei tverrfagleg samansett teneste med psykolog, vernepleiar, sjukepleiar og sosionomar som gir tenester til personar med utfordringar/lidingar innan psykisk helse og/eller rusmiddelbruk.

Som ein del av tenesta skal du bistå til å gi eit godt tilbod til innbyggjarane i Sykkylven kommune i form av miljøterapeutisk oppfylging, behandling og førebygging. Dette i tråd med nasjonale føringar.

Oppmodar menn til å søke.

Arbeidsoppgåver

  • Kartlegging og støttesamtalar
  • Målretta miljøarbeid
  • Tilrettelegging/bistand til daglege gjeremål ved behov
  • Tverrfagleg samarbeid internt i kommunen og eksternt
  • Legemiddelhandtering
  • Journalføring i tråd med interne rutinar og gjeldande lovverk
  • Sørge for at tenesta følg lovverk, kommunale føringar og fagleg god praksis
  • Halde seg oppdatert innan eige fagområde og delta i utviklingsarbeid
  • Bidra til eit godt samarbeid med pasientar og pårørande
  • Oppgåver delegert frå næraste leiar

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar
  • Ønskje om vidareutdanning innan psykisk helse og rusarbeid, eller vilje til å ta slik vidareutdanning
  • Erfaring frå arbeid innan psykisk helse og rus er ynskjeleg
  • Førerkort klasse B
  • Det stillast krav om norske språkferdigheiter tilsvarande B2 munnleg og skriftleg på Europarådets nivåskala (CEFR)
  • Ved tilsetting krevst det tilfredsstillande politiattest

Personlege eigenskapar

  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Vere strukturert og løysingsorientert
  • Er fleksibel og har evne til å arbeide sjølvstendig og i team
  • Du evnar å halde deg fagleg oppdatert og vise fagleg engasjement
  • Har godt humør og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
  • Personleg egnaheit blir lagt vekt på ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • Gode kollegaer og triveleg arbeidsmiljø
  • Kollegastøtte
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar iKLP
  • Gratis parkering

Offentlegheit

Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak fra offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.

Kontaktinformasjon

Audhild Myklebust, Avdelingsleiar psykisk helse og rus, ,

Kanutte Roald, Einingsleiar Helsehus, ,

Arbeidsstad

Auregata 19
6230Sykkylven

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sykkylven kommune

Referansenr.:

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist:

#J-18808-Ljbffr

Ready to apply for this position?

Apply directly through the official application portal.

Apply Now →